• Aktive Tema  Bakover Forover Stopp Auto

Religion & livssynLivet etter døden

Syn og segn

Her er plassen for diskusjoner om tro og livssyn.
Hold diskusjonene innenfor lovlige tema.

Moderator: Asbjørn

Svar
Brukeravatar
Asbjørn
ADMIN
ADMIN
Innlegg i tema: 2
Innlegg: 7487
Registrert: 05 apr 2005 01:39
Kjønn (valgfri): *U*
Sted: Florø
Har likt: 959 ganger
Blitt likt: 1298 ganger
Kjønn:
Zodiac:
Kontakt:

#556631 Livet etter døden

Legg inn av Asbjørn » 09 okt 2018 12:04

Livet etter døden
DØDEN 08:26 - 04. oktober 2018
SYN OG SEGN: Kva skjer når vi døyr? Kva ventar i den andre enden?
Ein sjaman, ein prest og ein buddhist prøver seg på svaret.


Kilde: https://morgenbladet.no/portal/2018/10/ ... tter-doden

SJAMANISMEN OG DØDEN

Inger Lise Nervik
Forstandar og leiar i Sjamanistisk Forbund
http://www.sjamanforbundet.no
Sjamanistisk Forbund på Facebook

Døden er eit mysterium for dei fleste. Men for dei av oss som praktiserer døden etter sjamanistiske tradisjonar, er døden eit like naturleg steg på livsløpet som fødselen.

Begge representerer store overgangar i livet, og saman med andre mindre skifte, til dømes når jenter byrjar å menstruera, eller når to som er glade i kvarandre, gifter seg, er dei milepålane i liva våre.

Eg har mange gonger vore med på å hjelpa sjeler heim. Eit slikt arbeid vart før i tida rekna for eit av dei viktigaste sjamanistiske arbeida, fortalde læraren min i sjamanisme, Ailo Gaup.

Når livet renn ut og kroppen sluttar å fungera, reiser sjela vidare. Oppfatningar om korleis dette skjer, kan variera mellom dei sjamanistiske tradisjonane: Nokre meiner sjela er tredelt, den eine delen forgår, ein tredel blir til ei naturånd, og ein annan tredel blir reinkarnert. Den reinkarnerte sjela blir transformert og hamnar i det me kallar «den andre sida». Det er sjølve essensen, eit slags frø, som blir reinkarnert vidare. Ein kan reinkarnerast inn att i same familien, eller ein kan hamna ein heilt annan plass i verda. Mange trur ikkje på reinkarnasjon i det heile, men meiner at sjela berre passerer over til dødsriket.

Og vi som trur på reinkarnasjon, tenkjer at alle desse liva er ein slags læringsprosess, ein sjeleleg evolusjon. Menneskesjela er del av det heilage, og blant alle liv som finst, er det heilage ein måte å erfara seg sjølv på. Slik viser sjamanismen oss at liv og død dreier seg om det same, og at dei er delar av syklusar som vi alle går igjennom. Nett som i naturen med årstidene. Liv, død og nytt liv i ein evig runddans.

en som er død, vil aldri bli møtt av nokon dei var redde i livet, eller nokon som har gjort dei noko vondt.

Det som kristendommen kallar «himmelen», er ikkje noko dei kristne fann opp. I dei aller fleste naturreligionar og sjamantradisjonar finst det eit eige rike for dei som døyr. Ein annan eksistens, ein eigen dimensjon. Sjela fer ut i eit stort mørke, eit mørke som finst mellom dei ulike verdene. Men så er det som eit stort lys opnar seg, og i dette lyset står ein besteforelder, eller ei tante, kanskje står meir enn ein der og tek imot oss. Dei er der for at sjela til den døde skal kjenna seg trygg. Dei tek imot med mykje omsorg og kjærleik. Den som er død, vil aldri bli møtt av nokon dei var redde i livet, eller nokon som har gjort dei noko vondt.

Erfaringa mi er at det òg står eit vesen der som vi ofte kallar dødsengelen. Nokre ser denne engelen dei siste dagane før dei skal døy, i dei tilfella der det handlar om ein naturleg død. Han er ikkje mannen med ljåen, eg trur den skikkelsen er eit bilete på brå og unaturleg død, som er forårsaka av sjukdom, eller kjem i samanheng med til dømes krig. Nei, oppgåva til denne engelen er lik oppgåva til slektningane som møter deg i lyset: Han skal hjelpa deg og trygga deg i overgangen.

Kva som møter oss der, i dette dødsriket, er eg ikkje sikker på. Kanskje er det slik for den som kjem dit, at det kjennest likt som når ein fødest inn i dette livet? Ei ny byrjing, ein ny tilstand. Eg er ganske overtydd om at alle menneske som døyr, skal dit. I sjamanismen finst ikkje noko himmel eller helvete der du hamnar på den eine eller andre staden, avhengig av kva du har gjort og trudd på i livet du har levd. Alle som døyr, kjem til same stad, same rike.

KAN VI HÅPE PÅ EI ÆVE?
Petter Normann Dille
Prest

Menneske kan elske kvarandre. Vi er vesen som knyter seg til kvarandre, og som blir forma i møte med andre menneske. Når ein person vi har vore glade i, døyr, kan verda med eitt sjå heilt annleis ut.

På mange måtar er det nettopp evna vår til å elske som gjer døden så vanskeleg og krevjande. Motsetninga til døden er ikkje berre livet, men kjærleiken. Sorga, sjokket og andre overveldande kjensler ein kan oppleve når nokon vi er glade i, døyr, er uttrykk for kjærleiken vi hadde for dei. Sorga er baksida av kjærleikens medalje.

Vi veit lite om kva som skjer med oss etter døden. I Bibelen finst nokre forteljingar som vi kan bruke som bilete. Ei slik forteljing finn ein i Johannesevangeliet kapittel 14, og det lyder slik: «I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen.»

Eg voks opp i eit folkekyrkjemiljø nord i Trøndelag og høyrde ofte utdrag frå denne teksta, som eit bilete på korleis alle har ein plass hos Gud – også det og dei som er annleis.

Kvart år held eg kring 40 gravferder. I samband med gravferdsseremoniane har eg ein samtale med dei pårørande, gjerne fleire. Men også utanom gravferdene kjem eg ofte i prat med menneske som har spørsmål kring livet etter døden.
Motsetninga til døden er ikkje berre livet, men kjærleiken.
Trusmangfaldet i Noreg er i dag større enn nokon gong. Vi trur mykje, og vi trur lite. Vi trur på ulike ting, på alt, og på ingenting. Mange ulike spørsmål blir tatt opp i desse samtalane. Kva skjer med dei som ikkje trur på det same som eg, eller som trur på andre måtar? Opp gjennom tida har mykje forkynning vore opptatt av at det finst to utgangar frå dette livet, himmel og helvete. At det er ein plass for dei som trur rett, og ein for alle dei andre. Nokon kunne førebu seg på evig liv, andre på evig pine. Eg har store problem med menneske som set seg sjølv som dommar over andre, og som samtidig trur på den treeinige Gud. Vi kan tru og håpe så mykje vi vil om kva som vil skje med oss etter dette livet, men heilt sikre kan vi aldri vere. Det er Gud som til slutt avgjer. I mellomtida tør eg tru, tør eg håpe.

I gravferder les eg ofte utdrag frå Paulus sitt første brev til korintarane om kjærleiken: «Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.» Det er viktig å tenke større om kjærleik enn berre ein romantisk middag eller ein forbigåande lykkerus som kjem og går. Guds kjærleik for menneske og vår evne til å elske kvarandre er så mykje sterkare enn desse filtrerte bileta av kjærleik. Når nokon vi er glade i, døyr, trur eg det er nett dette vi lærer. I ein slik situasjon kjem personen tydelegare fram for oss. Kva var det som var viktig? Var det brødskiva vedkomande smurde for deg kvar dag, eller det at han eller ho stakk innom og henta ved til deg når det var glatt? At vedkomande alltid gjorde seg flid med bursdagsfeiringa di, eller at han eller ho sat der den gongen du ikkje visste kva veg livet tok? Denne kjærleiken er så sterk at han ikkje gir slepp sjølv om eit menneske døyr. Omtanken bak og opplevinga av ei handling lever vidare, sjølv om personen er død.

Kan dette i seg sjølv gi eit håp om at vi ein gong skal sjå kvarandre att? Vi anar ikkje kvar, korleis eller når, men kan vi håpe på ei æve der alt som er godt, faktisk lever vidare? Eg trur det. Eg håpar det.

EVIG MEDVIT
Egil Lothe
Forstandar i Buddhistforbundet

Døden er den mest radikale endringa vi kan førestille oss. Difor har vi også vanskar med å førestille oss han.

Kva er forholdet mellom den indre personen vi opplever som oss sjølv, og den ytre personen andre oppfattar oss som? Kan vi førestille oss sjølve som noko anna – uavhengig av den kroppen vi sansar verda igjennom?

At dette er vanskeleg å gripe, har likevel ikkje gjort at vi har late vere å skape førestillingar om mennesket, medvitet og døden. Vi veit ikkje alt om kva menneske før oss har tenkt om døden, men mykje tyder på at dei fleste har hatt førestillingar om noko som skal halde fram – sjølv etter at kroppen er død. Slik er det også i dag. Over heile verda finst religionar som lovar eit liv etter døden – gjerne eit betre liv enn det vi lever her og no. Andre religionar snakkar om at vi går igjennom nye liv her på jorda før vi endeleg når det fullkomne utanfor jordelivet.

Veldig enkelt kan ein sette opp eit skjema over moglegheitene: ingen eksistens etter dette livet (og heller ikkje før), eller motsett: ein eksistens før dette livet og etter. Ein ser gjerne for seg ein gudeskapt unik og uforanderleg kjerne i mennesket som held fram også etter døden, og som endar opp i ei evig sæle (eller det motsette).

Buddhismen rommar, som mange andre store religionar, mange førestillingar om desse spørsmåla. Går vi til dei tidlegaste tekstane, finn vi eit sett av tankar om døden som definerer hovudtrekka i buddhismen.
Men denne straumen av medvit har eksistert før dette livet og vil halde fram også etter at kroppen døyr.
Til dømes les vi om medvit og kropp som to sider ved eit individ. Medvitet eksisterer gjennom kroppen og sansane. Mennesket består ikkje av ein uforanderleg statisk kjerne, men er ein straum av medvit i vekslande samspel med den materielle verda. Men denne straumen av medvit har eksistert før dette livet og vil halde fram også etter at kroppen døyr. Fordi han kan eksistere uavhengig av kroppen, held medvitet fram med å eksistere også etter at kroppen døyr.

Vi er med andre ord ved eit kjernepunkt i synet på kva eit menneske er. Eit viktig aspekt ved dette synet er at menneske er noko meir enn eit resultat av naturen (eller ein annan ytre storleik). Vi kan bestemme over oss sjølve, og har fridomen til å ta moralske val. Dei moralske vala våre påverkar framtida – også utover dette livet – slik vi også er påverka av tidlegare moralske val – også dei vi har take før dette livet. Ikkje noko av dette bestemmer liva våre, korkje no eller i framtida, men vala påverkar oss – på godt og på vondt.

Det som blir understreka i dei nemnde tekstane, er at medvitet er grunnleggande lysande reint. Det blir ikkje skite av ureine tankar. Førestillinga om eit slik grunnleggande og lysande reint medvit kan stå som eit bilde på det vi og alle levande skapningar djupast sett er, på kva det vil seie å vere menneske.

Døden betyr difor ikkje at vi med den slepp unna utfordringane i tilværet. Men samstundes peikar han utover seg sjølv og mot noko større, noko som står over avgrensingane i både livet – og døden.

Kilde: https://morgenbladet.no/portal/2018/10/ ... tter-doden
Antall ord: 2054

       

Link:
BBcode:
HTML:
Skjul innleggs linker
Vis innleggs linker

Brukeravatar
Terra
Moderator
Moderator
Innlegg i tema: 2
Innlegg: 1634
Registrert: 04 jan 2014 00:12
Har likt: 642 ganger
Blitt likt: 521 ganger

#556635 Re: Livet etter døden

Legg inn av Terra » 10 okt 2018 18:56

Mange visdomsord der. Jeg kom nettopp over denne og synes den er så fin:

Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i har gått foran og kvistet løype.
De var skogskarer og fjellvante.
Jeg finner nok fram.

- Kolbein Falkeid
Antall ord: 47

       

Link:
BBcode:
HTML:
Skjul innleggs linker
Vis innleggs linker

Brukeravatar
Asbjørn
ADMIN
ADMIN
Innlegg i tema: 2
Innlegg: 7487
Registrert: 05 apr 2005 01:39
Kjønn (valgfri): *U*
Sted: Florø
Har likt: 959 ganger
Blitt likt: 1298 ganger
Kjønn:
Zodiac:
Kontakt:

#556848 Re: Livet etter døden

Legg inn av Asbjørn » 11 nov 2018 23:03

For de som er interressert i reinkarnasjon - det å leve mange liv :

Antall ord: 11

       

Link:
BBcode:
HTML:
Skjul innleggs linker
Vis innleggs linker

Brukeravatar
Terra
Moderator
Moderator
Innlegg i tema: 2
Innlegg: 1634
Registrert: 04 jan 2014 00:12
Har likt: 642 ganger
Blitt likt: 521 ganger

#556850 Re: Livet etter døden

Legg inn av Terra » 12 nov 2018 14:06

Når historien er så dokumentert som det der, da er det bare å ta av seg hatten, da begynner det å bli moro. :goddag

Virkelig rørende med familien som kom sammen igjen - selv etter døden.
Antall ord: 35

       

Link:
BBcode:
HTML:
Skjul innleggs linker
Vis innleggs linker

Brukeravatar
Torfinn
Nybegynner
Nybegynner
Innlegg i tema: 1
Innlegg: 63
Registrert: 02 nov 2018 16:58
Kjønn (valgfri): vi'kke si så !
Har likt: 7 ganger
Blitt likt: 5 ganger
Kjønn:

#556852 Re: Livet etter døden

Legg inn av Torfinn » 12 nov 2018 14:43

Så noe fra ei som døde å kom tilbake hit, ho sa himmelen var som her uten sykdom dom å faen skap som her da.
Antall ord: 24

       
Paul Stanley The Starchild..... Gene Simmons The Demon Dr. Love God of Thunder..... Peter Criss The Catman....Ace Frehley Space-Ace Kiss army Norway Kiss online

Link:
BBcode:
HTML:
Skjul innleggs linker
Vis innleggs linker

Svar

Gå tilbake til «Religion & livssyn»

paranormal.no : Ansvarsfraskrivelse