Eg veit ikkje kven som var fyrst med pyramidane, men ein ting er sikkert, og det er at kven det enn var, var dei geniale.
Kvar fekk dei idéane frå? Sat dei der berre, og ein dag tenkte dei "Hm, eg har lyst til å byggje meg eit bygg, og det skal vere sånn og slik", eller fekk dei hjelp utanfrå? Erich von Däniken har ein del gode teoriar, sjølv om veldig mange seier at han berre pratar tull. Eg har sjølv lese ein god del av bøkene hans, og må sei at det han skriv godt kan vere sant.
Eg heller mot at menneskerasen eigentleg ikkje kjem frå planeten Tellus i det heile, men at me tvert imot er plasserte her av vesener frå andre delar av universet, mogleg som eit slags forsøk, eller som ein "dyrehage" (som me sjølve set dyr i bur og går og ser på dei for gøy). Det ville i så fall forklare alle påstandar om UFO-observasjonar. Dei kjem tilbake for å sjå korleis det går hos oss, og som i dyrehagane har dei ikkje lov til å forstyrre vesena på planeten, berre sjå. No er det jo mange som seier at dei er bortførde av romvesena, og at desse har utførd prøvar på dei, og det kan jo godt vere at det er vitskapsmenn som sjekker korleis det går med oss...
For å kome tilbake til det eigentlege subjektet; om ein tenkjer seg at romvesena er her for å sjå etter oss, då går det ikkje å avvise at dei godt kan ha bestemd seg for å lære oss ting, før dei overlot oss til oss sjølve.
I teikningar i fjellet og gamle helleristningar vert det framstilt skapningar som ikkje ser ut som oss, og flygande tallerkar.
Kan det ikkje då tenkjast at det er desse utanomjordiske som har lært både indianarane og egyptarane å lage pyramidar? Me kan ikkje sjå bort frå at dei isåfall har -for oss- ukjend teknologi som kan lette arbeidet med å flytte på tunge steinar, slik at å lage ein pyramide ikkje tok så lang tid som det ville gjere om dagens mennesker skulle forsøke å byggje ein pyramide etter det me TRUR er korleis oldtidas folk gjorde det. Det er trass alt mange tusen år sidan, og mykje informasjon har nok gått tapt i løpet av dei 5-14 000 åra som har gått (etter som om du trur pyramidane vart bygde 3000 f.kr eller 12000 f.kr)
Kanskje har desse "aliensa" tilogmed forflytta seg mellom dei ulike verdsdelane, slik at pyramidane faktisk vart bygde omlag samtidig? Me har jo faktisk måtar å flytte oss raskt mellom to ulike delar av verden i dag óg...
Me vil nok aldri få vite korleis dei laga pyramidane, iallefall ikkje før om mange år. Men kva veit eg? Så fort som utviklinga går no til dags, kan det godt hende me får svara i morgon, om eitt år, -eller aldri-.

Vi er av samme stoff som drømmer veves av; vårt lille liv er omringet av søvn ~William Shakespeare~